Eg er blitt utfordra til å dela nokre av mine synspunkt i julenummeret av Jobb og Næring, noko eg gjer med den største glede. Regiontenking står mitt hjerta nær, så eg deler gjerne!

Etter å ha jobba som dagleg leiar i næringsselskapet Sauda Vekst AS sidan hausten 2009, må eg starta med å seia at eg kjenner meg heldig som har eit arbeid som fyller dagane med så mykje meining. Dagane er i grunnen aldri kjedelige og dei er heller aldri like. Plutselig kjem ei sak inn døra som vil blåsa hatten av deg. Dei har det vore mange av i desse åra. Det er ikkje alle netter eg har sove med hovudet nedpå puta! For du veit jo ikkje når den neste suksessen kjem, og derfor må alle aktørar håndterast etter beste evne og med den største respekt.

Det som er sjølve gevinsten av ein slik jobb er at du blir kobla på alle mulige prosessar og planer. Du får gjerne telefonar og mailar både kveld og helg, og går litt i beredskap for lokalsamfunnet. Det krever jo at du er tilstades, men det gir også ein følelse av at du betyr noko for nokon. Du må lika å ha mange ballar i lufta og ha evne til å innsjå at dei fleste av desse aldri vil gå i mål. 

Saudasamfunnet er eit flott samfunn. Industrikulturen kjenneteikner nok best Sauda som samfunn. Evne til endring har likevel gjort seg svært gjeldande i nyare tid og me er blitt særs så tilpasningsdyktige her innerst i fjorden. Sauda er historisk sett ei god blanding av «hummar og kanari» då vår utvikling har trekt til seg folk frå heile landet og vel så det. Språk og dialekt fortel dette på ein tydeleg måte.

Sauda har ledige ressurser. Straum, areal og friskt vatn er, saman med oppvarma vatn og restgassar frå prosessindustrien, ledige barnehageplassar, skuleplassar og eine bustader til gunstig pris, vilkår som gjer det fordelaktig å etablera seg privat og i næring. Korte avstandar internt gjer det også lett å ta seg rundt utan at tida går til logistikk. Dette er verdiar som dei som bur her snakkar opp.

Likevel er det dei store utfordringane som nå må løftast fram. Avstand til byane ved kysten, vegane me er oppsette med og muligheten til eit felles bu- og arbeidsmarked med omkringliggande strøk. Rett nok er Stavanger komen 45 minutt nærare oss etter Ryfast åpna og det går nå an å kjøra dit på litt over 2 timar. Haugesund ligg om lag 1,5 time unna, utan at me har opplevd nevneverdig regionalt fokus i seinare tid på å ta denne reisetida ytterligare ned. Med direkte tilkobling på E134 frå Sauda til Etne (Stordal) ville me redusert reisetida til Haugesund med 30 minutt noko som ville gi stor nytte for mange, både dei som bur her og dei som besøker oss. Frå dagens 9.000 innbyggarar i og innanfor ein times reise frå Sauda ville talet bli 3-dobla med slik ny vegutløysing. Tenk kva muligheter som ligg i dette løftet.

Sauda er vertskap for mange. Minst 1400 hytter er bygde i kommunen og den nyleg vedtekne kommuneplanen (2019 – 2031) legg til rette for 1000 nye hytter. Dette vil kunna gi oss stor næringsaktivitet i ei næring som i dag gir gode inntekter til kommunen i form av avgifter og «bruk». Skal me lykkast med å få kjøparar til fritidsbustader i Sauda må me gjera oss fortent til det. Sist vinter med snømangel og lite drift i skianlegget i Svandal åpna ein prosess for å sjå om gondolutvikling kan sjå dagens lys. Det er mange utfordringar med dette og me må verkeleg villa slik satsing for å få det til, men interessa frå hyttefolk, innbyggarar, bedrifter og hytteforeningar viser at me har treft ei nerva. Ei gondolutvikling tilknytta Sauda Skisenter vil løfta Sauda og antatt gi nytte for veldig mange.

Utvikling gjennom grønn vekst er også eit tema som blir jobba med lokalt. Me må ta miljøet på alvor og utnytta dei ressurser som ellers går til spille og blir sløst bort. Fleire større prosessar er i arbeid og dette gir betinga håp om etableringar. Aquakultur er eit av sentrale tema her. 

Det som stadig kjem opp er behovet for heilhetlig tilrettelegging, «plug and play». Me må erkjenna at skal me få til etableringar må alt ligga til rette for aktørane det gjeld. Nok straum til aktuelt uttakspunkt, nok kjølevatn framlagt til aktuelt areal og store nok areal, klare til den bruk aktøren har behov for. Det er så lett å lova, men så vanskelig å innfri når alt kjem til alt. Alle søknadsprosessar tar alltid meir tid enn først tenkt, og som aktiv tilretteleggar må me evna å forsera dette og ta viktige investeringar i god tid før aktørane melder seg.

Av andre prosessar er tilrettelegging for datasenter, batterifabrikk og hydrogenproduksjon dei mest aktuelle. Sauda har, saman med mange andre destinasjonar, lagt seg i selen for å ta ein posisjon. Om me lykkast veit me ikkje, men det same gjeld  også her, ting må ligga til rette og alle hinder må bort. Det er krevande, men dei beste får til nettopp det. 

Eg håper at året som kjem gir oss grunn til optimisme, framtidstru og pågongsmot. At tida med koronapandemi er på retur og at me snart kan leva litt som vanlig att. Målet mitt nå inn mot julehøgtida er å ta imot egne ungdommar frå Stavanger, Hønefoss og Jessheim på ein god måte, gi dei trygghet og varme, god mat og nok kvile før neste økt. 

Så vil bare tida visa kva dei neste steg er for både den eine og den andre. God jul til deg!

Inge Løyning

Sauda Vekst