Me har møtt Carina Hornenes, Arne Gunnar Habbestad og Ole Eirik Mæland som alle veit kva det betyr å møte veggen. Dei meiner det er viktig å setje søkjelyset på psykisk helse. 

Av: Judith Sørhus Litlehamar, medvind24.no

Carina Hornenes veit at det kan ta tid å bli bra igjen etter ein tung periode. Foto: Elin Sørheim

Våren 2018 kjende Carina at ikkje alt var slik det skulle, sosionomen hadde byrja i ein krevjande jobb i den lokale barnevernstenesta og budde i Etne saman med familien sin. Dei hadde vore gjennom nokre travle år med husbygging og småbarnsfase, og no fekk ho ein jobb det ikkje alltid var like enkelt å legge igjen på kontoret. Ho brann for sakene som låg på bordet hennar, om dei som treng det mest, og om å hjelpe der ho kunne. 

– Eg har nok alltid vore ei av desse jentene som vil vere flink, eg vil gjere det som blir forventa av meg. Etter kvart følte eg at eg ikkje fekk gjort arbeidsoppgåvene mine skikkeleg, det var alltid noko som blødde, seier ho tankefullt. 

– Alt fekk konsekvensar, eg måtte hugse å sende det brevet om plass på vidaregåande, viss ikkje var det ikkje sikkert eleven fekk skuleplass. Eg la nok alt dette på skuldrene mine, og begynte å strekke strikken vel langt. 

Carina opplevde somme dagar at ho ikkje fekk puste, ho sto gjerne å rista på nøklane i handa og følte ho alltid var ute i dårleg tid. I eit møte på jobb følte ho plutseleg at både høyrsel og syn berre forsvann. Til slutt gjekk ho til legen. 

– Eg forstod ikkje at det var starten på panikk-angst, eg trudde eg var i ferd med å få influensa, eller at eg hadde behov for ein astma-spray, seier ho. 

Dette var ein onsdag, og legen foreslo sjukemelding i to veker. Då Carina spurte om ho kunne starte på sjukemeldinga førstkomande fredag sidan det var så mykje å gjere på jobb forstod legen alvoret. Dermed vart sjukemeldinga lenger, med klar beskjed frå legen om å kople ut frå jobben. 

– Eg vart og letta over å bli langtidssjukemeldt, eg var så sliten at eg klarte ikkje å gjennomføre noko som helst. Det halvåret eg var på det sjukaste var eg usikker på kva eg både følte og tenkte. Eg trudde ikkje ein gong eg var glad i sambuaren min, han som sto midt oppe i dette og hjelpte meg gjennom. Eg klarte ikkje å sjå alt saman klårt. 

– Han er veldig praktisk anlagt og har vore ein helt gjennom denne tida, viss eg trong noko så fiksa han det. 

Ho fekk tilbod om å få hjelp i den psykiske helsetenesta lokalt, men enda opp med å gå til psykolog i Haugesund. Det vart ein døropnar. 

– Han såg at eg hadde angst, at eg pusta feil og at panikken greip meg. Det var ein lettelse at nokon såg meg. Psykologen hjalp meg, og eg forstod då meir om korleis angst og depresjon heng saman. 

Carina brukte dagane heime åleine godt. Ho øvde på å roe alt ned, ho drakk kaffi, såg formiddags-tv, bretta klede og kom seg ut på tur i skog og mark. Fysisk aktivitet blei ein nøkkelaktivitet og berre ein liten rusletur gav resultat, der ute på tur fekk ho rydde i tankar og lade batteriet. Ho hugsar spesielt godt ein episode.

– Eg låg i senga saman med dotter mi og for første gong på veldig lenge klarte eg å setje ord på at eg var glad i henne. Etter kvart vart det kjekt å finne på noko saman med ungane i helga, og det var godt å få kjenne på ekte og gode kjensler igjen.

I dag er Carina 50 prosent sjukmeldt, i ein liten periode. Etter ei stund ute i jobb kom koronaperioden og kvardagen byrja å snøre seg til igjen. Ho forstod at ho strakk strikken litt for langt, og måtte trappe litt ned igjen. Carina går på angstdempande medisin, som også skal hjelpe mot depresjon. Det kjendest som eit tilbakesteg, men likevel er det ein del av å bli betre, trur Carina.   

– Eg blei veldig godt motteken av arbeidsgivar når alt dette slo til, eg veit at eg neppe kjem tilbake til barnevernstenesta sidan eg reagerer på konflikt og høgt arbeidspress. Men eg held kontakten med kollegaene i barneverntenesta, og eg veit eg er velkommen innom.

I ettertid har ho jobba både ved Ølen skule og som SLT-koordinator. I koordinator-rolla fekk ho prøve seg som programleiar for eit fullstappa folkemøte om rus. Carina sto på scena med full panikkangst og ein mikrofon som ho ikkje klarte å halde i ro, men ingen i salen fekk det med seg. Carina er blitt god på å halde angsten i sjakk.  

– Eg føler meg på mange måtar heldig. I denne perioden har eg hatt god støtte av alle rundt meg. Familie, venner, arbeidskollegaer, lege og psykolog. Likevel kan det kjennast veldig einsamt å ha slike psykiske utfrodringar. Ingen veit akkurat korleis eg har det. 

– Sjefen min sa noko fint då eg vart sjukmeldt første gongen: «Hugs på det Carina, du er sjuk akkurat no, men du skal ha eit heilt liv etterpå, så nå må du gjere det du må». Eg føler folk har respekt for historia og eg fortel den gjerne, men så er det berre eg som må finne ut kva eg toler i framtida og ikkje. Eg må lære meg å setje grenser og eg må være open med dei rundt meg om korleis eg har det.

Carina har eit klårt tips til den som slit i kvardagen.

– Følg magekjensla om den seier at noko ikkje er som det skal. Snakk med nokon om det som er vanskeleg, og søk hjelp hjå lege. Lytt til kroppen, det kan ta tid å bli frisk igjen etterpå, det er noko ein berre må godta. 

 

– Kroppen gjekk på høggir
– Historia mi er ganske beskjeden, men den kunne kanskje blitt verre om den fekk utvikle seg i feil retning, slår Arne Gunnar Habbestad fast. Dugnadsmannen, prosjektleiaren og forretningsutviklaren Arne Gunnar må sjå 20 år tilbake for å finne sommaren der han forstod at det var på tide med ein pust i bakken. Arne Gunnar som i dag er avdelingsleiar i Omega og forretningsutviklar i Medvind24 Næringshage hadde på denne tida lange arbeidsdagar på jobb i Omega og fire gutar mellom 2 og 14 år heime, noko som førte til at han fekk dårleg samvit begge stadar.  

Arne Gunnar Habbestad meiner det er viktig å lytte til kroppen sine signal når ein er sliten. Foto: Kristian Risanger

 – Det var travelt og eg følte at eg verken gjorde det eg skulle på jobb eller privat. Det var alltid noko eg hadde dårleg samvit for. Det var ikkje mangel på arbeidsoppgåver, det gjekk i eitt heile tida og eg klarte ikkje å slappe av, kroppen gjekk på høggir. 

Kona Gunnlaug forstod at mannen sleit. Arne Gunnar på si side fekk ikkje sove, han var kjempetrøtt, men likevel lys vaken på nettene. 

– På det minste kunne eg ha ein time søvn på natta, dei vekene som var verst hugsar eg lite frå. Eg var så sliten og kroppen var heilt i ulag. Eg gjekk ned 8 – 9 kilo i vekt utan at eg hadde gjort noko for å få det til. Matlysta forsvann og eg gjekk i heilspenn om dagane. 

– Eg forstod at noko var gale, og eg hugsar eg tenkte at dette må vere psykisk, seier Arne Gunnar på sin jordnære måte. 

Arne Gunnar tok det opp på jobb, sa at han var så sliten at han trong avlasting. Han fekk delegere dei arbeidsoppgåvene som sleit mest på han og som han treivst minst med. Så tok han sommarferie. 

– Den sommaren hadde eg tre eller fire samanhengande veker med sommarferie, det er nok den lengste ferien eg har hatt. Det hjelpte å ta det med ro over tid, meiner han. 

– Etterpå vart eg og kona samde om at eg skulle kome heim 16.30 kvar dag, eg kutta ut dei vanlege kontortimane på laurdagane, og sakte men sikkert seig det heilt over. Eg kan ikkje hugse om eg var hjå lege nokon gong, men eg snakkar mykje med ho heime, og det er viktig, slår Arne Gunnar fast. 

Den hausten reiste han og kona vekk nokre helger, berre dei to på hytta, for å roe det heilt ned og rydde i tankane. Han tok tida til hjelp for å finne balansen i kvardagen tilbake. 

– Eg trur det er veldig viktig å stoppe opp i tide, og ikkje la desse tinga få utvikle seg. Folk må og av og til skrue ned ambisjonsnivået sitt. Eg er sjølv ein av dei som alltid har sagt ja til det meste, eg er blitt betre til å seie nei gjennom åra. Og eg jobbar meir normalt no enn eg gjorde før. 

– Og så må ein få lov til å vere ulike, alle kan ikkje vere like eller tole det same. Eg er litt redd for at dei som ikkje passar inn i A4-modellen i dag raskt får ein diagnose. Ein treng ikkje problematisere alt så mykje, det er berre slik at me som menneske er ulike, meiner Arne Gunnar. 

– Be om hjelp dersom du slit med tankar eller er sliten, eg har aldri vore til psykolog og heller ikkje sakna det, men snakk med nokon du stolar på. For nokre er sikkert lege og psykolog den rette vegen, for andre er det kona eller ein god venn. 

 

Måtte trykke på pauseknappen
Ole Eirik Mæland frå Etne er ein av gründerane bak byggfirmaet Brødrene Mæland som han starta saman med broren Anders. Etter mange år med å bygge opp bedrift, hus og heim, samt småbarn kjende Ole Eirik hausten 2018 at det var på tide å  trykke på pauseknappen. Allereie i 2016 hadde Ole Eirik vore sjukmeldt eit par veker fordi han var sliten, men han kom seg raskt og tenkte ikkje så mykje meir over det før det smalt i september to år seinare. 

Ole Eirik Mæland har funne ein balanse i kvardagen, som gir rom for å ta det litt meir med ro. Foto: Elin Sørheim

– Dette bygde seg nok opp over tid, eg køyrde berre på og tenkte at det snart kom til å bli betre. Etter ein liten pause hausten 2018 starta eg opp igjen på jobb, og utover den hausten forstod eg at noko var gale. Eg var trist når eg kom heim til middag, utan å forstå kvifor. Etter kvart mista eg konsentrasjonen og forstod at eg måtte ha ein pause 

I 2013 delte dei bedrifta opp i to avdelingar, der Ole Eirik fekk ansvar for betongarbeidet. Ansvaret og arbeidsmengda auka på, og arbeidsdagane vart lange. Jobben tok mykje tid, og heime var det tre små som haldt tempoet oppe. Ole Eirik følte seg dradd mellom jobb og familieliv og kjende at han ikkje klarte å strekke til nokon av stadane. 

– Kona mi merka at eg brukte mykje tid på jobben, eg sat veldig ofte i heilt andre tankar rundt middagsbordet og jobben tok mykje plass i hovudet på fritida. Etter feriane var det tungt å kome i gang igjen, og eg grua meg litt til jobben skulle starte opp igjen. Dei siste åra blei eg som regel sjuk eit par dagar ut i ferien, sikkert fordi eg var nedkøyrt og blei sjuk når eg slappa av, kroppen prøvde å gi signal. 

Ole Eirik trudde det skulle bli sjukemelding eit par veker, det vart fleire månadar. Broren Anders tok over ansvaret for betongdelen og kona stilte opp på heimebane. Nettverket betyr mykje for at Ole Eirik er betre i dag, meiner han.

Han hadde ikkje noko erfaring med psykisk sjukdom, og forstod lite av kva som skjedde når han sjølv vart råka. 

– Batteria er rett og slett raude, og ladaren som ein pleier å bruke fungerer ikkje. Det tok lang tid før eg forstod kor sliten eg var, og kor lang tid det ville ta å bygge seg opp igjen. Etter kvart fekk eg samtalar med psykiatrisk sjukepleiar og vidare til psykolog, det betydde mykje for meg, slår Ole Eirik fast. 

Han ynskte ikkje å prøve medisinering, men fekk hjelp via samtaleterapi. I mars 2019 var han klar til å byrje å jobbe gradert igjen, forsiktig auka han med 10 prosent kvar månad. Psykologen fekk han til å forstå kvifor han tenkte som han gjorde, og ikkje minst kvifor reaksjonane ikkje alltid var like rasjonelle. 

– Alle har støtta meg gjennom dette, og kona har vore ein bautastein for meg. Det har vore ein beintøff periode for oss alle, og eg har vore langt nede og deprimert. Ho har likevel klart å stå stødig, saman med bror min som tok over alt ansvaret, dei har dei vore veldig viktige. Sjølvsagt saman med foreldra mine, resten av familien og venneflokken. 

– Ho var nok og engsteleg for meg mange gonger, i den verste perioden klarte eg heller ikkje å vise at eg var glad i henne, ho ser det med ein gong om eg har ein dårleg dag. 

Han unner ingen å gå gjennom dette mørkeret som han kallar det, og samanliknar situasjonen med eit symjebasseng som er tømt for vatn og som det tar tid å fylle opp igjen. Sjølv fann han påfyll og lading i å vere med barna på aktivitetar og å trene. Det tok halvanna år før han kjente seg skikkeleg ovanpå. I dag kan han bli sliten, utan å kjenne seg sjuk, og angsten har endeleg slept taket i kroppen. 

– Lytt til kroppen og prøv å gjennomfør ei endring før det er for seint er mitt råd. Det er vanleg å vere sliten av og til, men når ein kjem under den vanlege kurven og ikkje forstår kvifor ein er sliten skal ein ta tak. 

– Me har og eit anna press i dag enn generasjonane hadde før oss, eg har alle besteforeldra mine i live og dei har eit så fint perspektiv når eg snakkar med dei. Dei er ikkje så interessert i kven som har store hus eller flotte bilar, dei er opptekne av sjølve livet, her og nå. Det er fint. 

I dag jobbar Ole Eirik 80 prosent deltid, medan kona Linda jobbar fulltid i Nordsjøen. Det er ei ordning som ser ut til å passe godt for småbarnsfamilien. 

– Psykologen sa til meg at : «du er nok ein slik type som må gå rett i veggen, og så må du bygge deg opp igjen. Det vil gå seg til». Då lo me litt saman.