I desse dagar byrjar mange spente store og små på ein ny fase i livet, som skuleungar og -foreldre. Sjølv går eg med
litt same kjensla når eg nå for første gang på 10 år skal ut i ny jobb. Etter eit langt og mildt sagt innhaldsrikt arbeid for eit fabelaktig næringsliv i Etne og Vindafjord, måtte neste oppgåva vera noko spesielt interessant. Det hadde eg allereie frå før ein mistanke om at Tysvær kunne vera, og det inntrykket har blitt positivt forsterka, både av det eg så langt har møtt av næringsliv, og internt i kommunen.

”Den næringssjef-tittelen får du konkurranse om på rådhuset”, var det ein kjenning som sa til meg før første arbeidsdag. Det viste seg å stemma på eit vis, og det er eg og det skal næringslivet i Tysvær vera veldig glad for. For sjølv om det ikkje bokstavleg talt var stillingen det var kamp om, har eg møtt ein næringsvennleg organisasjon som både politisk og administrativt har eit heilt klart mål om å ønska nye bedrifter velkommen, og å setja pris på og leggja til rette for vidare utvikling av dei me allereie har.

Eg ser fram til eit verdiskapande samarbeid med alle dei andre i Tysvær kommune som er litt næringssjef i sine roller. I mange år har Næringsforeningen på Haugalandet løfta fram visjonen om Haugalandet som Vestlandets knutepunkt. Med to flotte forstader i Bergen og Stavanger og ein vakker hage i Hardanger, ligg me midt i smørauga. E39 og E134 er dei viktigaste nasjonale transportkorridorane nord-sør og aust-vest, og skal byggjast ut til ein standard slik at dei framstår som det også. Regionen har ein viktig flyplass å utvikla, ei godshamn i sterk vekst, gode utdanningsinstitusjonar, og Norges største regulerte næringsareal. Alle svært viktige brikker i å bygga Vestlandets knutepunkt. Sentralt i alt dette ligg Tysvær, og me vil gjerne også vera sentrale i og bidra til at regionen skal lukkast i å nå sine mål. For dette klarar ikkje næringssjefar, ordførarar, kommunar eller bedrifter kvar for seg. Skal me bli skikkeleg gode, ja sånn elitedivisjongode, då må me spela saman som eit lag. Eit lag med felles mål, felles strategi, gjerne med ekstreme og komplementære ferdigheiter, i avklarte roller på laget. X-faktoren har me.

Peis på!

Asbjørn Moe
Næringssjef
Tysvær kommune