Eit 2019 med stor aktivitet og høg sysselsetting er bak oss,
og det er god fart inn i det nye året for næringslivet på Stord. 

Det er imponerande kor godt det vert jobba på mange område for å møta krav til omstilling og betre inntening. Industrien, som heilt klart framleis er berebjelken i samfunnet vårt, får fleire bein å stå på samstundes som nye arbeidsmetodar styrkjer konkurransekrafta i eksisterande marknader. Det er optimisme å spora for det nye året, og mange av bedriftene melder at dei vil tilsetje fleire i 2020. Tilgang på rett og nok kompetanse vert framheva som det viktigaste behovet for å styrka konkurransekrafta. Med ein god kompetanseplan, som sikrar at utdanning og opplæring vert tilpassa behovet i arbeidslivet, vil mykje vera på plass. Å vera ein attraktiv og føretrekt arbeidsgjevar vil gje eit godt konkurransefortrinn.

Ei  næringspolitisk undersøking gjort på nyåret syner at rundt halvparten av dei som svarte seier at «helsetilstanden» for bedriftene er som forvente og nær 40% seier den er betre eller mykje betre enn forventa. Me veit at dette ikkje kjem av seg sjølv, for det er krevjande konkurransesituasjon for dei fleste bransjar og press på marginane.

Stord har styrka sin rolle som regionsenter, og ikkje minst befesta sin posisjon som handelssenter for regionen. Vekst i eksisterande butikkar, i tillegg til at mange nye forretningskonsept har etablert seg på øya, har gitt god kundetilstrøyming.
Framover vil me sjå at berekraft vil vera eit av dei orda som går igjen i næringslivet som ein føresetnad for å lykkast framover, uansett kva bransje du driv i. I denne tida er det betryggande å ha lokale investorar og næringslivsleiarar som tidleg såg moglegheiten, og tok risikoen for ei berekraftig industriutvikling. Me snakkar sjølvsagt om Biogassfabrikken til Sunnhordland Naturgass, som det i desse dagar er klar for bygging. Det vert spanande å følga denne etableringa framover.

Som del av det «Nye Vestland fylke» er det viktig for Stord Næringsråd å understreka at god samhandling med Haugalandet og Rogaland er av stor betyding framover, og at det er «business as usual» for viktige samferdselsprosjekt og andre viktige felles saker for næringslivet vårt.