Det drar seg mot julaferie og mange studentar og andre utflyttarar skal heim til jul, eta og drikka godt og treffa familie og venner.

Ei tid for mimring og nye minner.  Feriar er periodar der ein har tid til å løfta blikket litt og reflektera over om det ein driv med i kvardagen er der ein ønskjer å vera; har eg den jobben eg helst ønskjer meg? Står eg i kø kvar dag til og frå jobb og fritidsaktivitetar?  Skulle me ha flytta nærmare barnevaktene?

Me i næringslivet har forstått at i jula og andre feriar kan våre potensielle framtidige arbeidstakarar og innflyttarar vera i modus til å høyra bodskapet vårt om spennande jobbar, rimelegare hus og kort veg til alt.  Det poppar opp førjulstreff, romjulstreff og andre møteplassar over det ganske land, der bedrifter og kommunar skal visa seg frå si mest attraktive side.  Juletreff er god stemning, me har mykje å vera stolt over å fortelja om og visa fram, og om ikkje arbeidsgjevarane rekrutterer der og då, er desse møteplassane eit viktig bidrag til å gjera folk bevisst på ein region der alt er mogleg.

Den historien må me bli enno flinkare til å fortelja. Ikkje berre nå når me treng folk, til dei folka me treng akkurat nå.  Me må fortelja den oftare, gjennom heile året, i nedgangs- som i oppgangstider, til ei mangfaldig målgruppe av ulik alder, fagleg- og geografisk bakgrunn.  Me må fortelja ungane våre om bedriftene og kva dei jobbar med der.  Me må møta elevar, foreldre og rådgjevarar og gi dei kunnskap om næringslivet sitt behov i dag og framover.  Me må gjennom fysiske og digitale møteplassar halda kontakten med dei som reiser ut av regionen for studie eller arbeid, me må ta godt i mot dei som flyttar til oss slik at dei ønskjer bli over tid og bli gode ambassadørar som fortel vidare historien om ein attraktiv region.  Me må lysa ut stillingane våre.  Alltid.  Fordi sjølv om ein har ein bra kandidat i nettverket veit ein ikkje kva kompetanse bedriften kan gå glipp av dersom ein ikkje spør høgt.  Fordi ledige stillingar er sanntidsbildet og for mange den viktigaste kjelda til å danna seg eit inntrykk av arbeidslivet i regionen.  Det er ikkje ein historie me kan gå inn og ut av når det passar oss.  Det er ein historie der me alltid må vera synlege.

Me er attraktive bedrifter i ein attraktiv region. Gå ut og fortel om det!
God jul.

Asbjørn Moe
Fikse Næringsforening
Etne og Vindafjord