Reiselivsbedriftene i Suldal har meir enn dobla verdiskapinga si dei siste 10 åra. Me ser at reiselivsnæringa spelar ei stadig viktigare rolle for å sikre norsk kommuneøkonomi.

Laila Steine, Suldal Vekst AS

Suldal har i over 100 år vore besøksmål for både utanlandske og norske gjester. Då som no var opplevingar knytt til natur, kultur, historie og menneska det viktigaste innhaldet i reiselivsproduktet. Suldal legg bak seg nok eit godt reiselivsår der både besøksstatistikk og bedrifter melder om fleire gjester, god inntening og kjekke opplevingar. Ikkje minst betyr dette ein ganske stor skjerv i kommunekassen. Reiselivet er ei av dei næringane som bidrar med store skatteinntekter. Menon Economics sin rapport om «Reiselivnæringens verdi» som er laga for NHO Reiseliv, konkluderer med at norsk reiseliv bidrar med heile 4,3 milliardar i direkte skatteinntekter til norske kommunar – altså betydeleg større skatteinntekter enn frå både prosessindustrien (3,5 mrd) og sjømatnæringa (1,6 mrd), for å nemne nokre andre næringa som også er avgjerande viktige for Norge og for regionen vår.  Dette fordi at mange andre næringar har store overskot og høg grad av automatisering, men gjerne færre tilsette.

Overskotsskatten frå desse bedriftene går i hovudsak direkte til staten og ikkje til kommunane. Kommunane får derimot skatten frå dei som arbeidar i bedriftene. Mange kommunar har skjønt dette, og Suldal er ein av dei som i stadig større grad satsar meir på å utvikle reiselivsnæringa. Reiselivsbedriftene i Suldal har meir enn dobla verdiskapinga si dei siste 10 åra, og dei tilreisande gjestene våre brukar over 210 millionar kroner i lokalsamfunnet kvart år. Kvar gjest har eit gjennomsnittleg forbruk på om lag 2000 kroner, og reiselivsaktiviteten bidrar til å sysselsetje over 200 personar i Suldal.  Dette tilsvarar 17 prosent av totalt tilsette i rapporteringspliktige bedrifter i Suldal.  Reiselivsaktivteten bidrar dermed til ein svært stor del av aktivitet i bedrifter som restaurantar, aktivitetstilbod og sjølvsagt handel, bygg og anlegg, tenester som også lokalbefolkninga nyt godt av. Dette er viktig for levande lokalsamfunn og attraktive bumiljø. Likevel veit me at mange kommunar manglar ei seriøs satsing på reiselivet, og det kan synast litt underleg at reiselivet framleis blir sett på som ei slags bi- og hobbynæring av litt for mange. Kan hende kan det komme av manglande kunnskap eller at ein tenkjer at næringa har låg lønnsemd og i nokre tilfelle framstår som ei fragmentert næring med mange små og ubetydelege aktørar. Ikkje godt å seie. Uansett er denne næringa verdast mest og raskast veksande næring. Internasjonalt er prognosane 50 prosent vekst innan 2030. Med eit forpliktande fokus på å utvikle reiselivsnæringa i eit miljømessig og berekraftig perspektiv har me eit godt utgangspunkt for å ta ein betydeleg del av denne veksten og skape enno fleire arbeidsplassar.