Det er ikkje til å komma vekk frå, miljø får eit stadig sterkare fokus i samfunnet. Ungdommen finn seg ikkje lenger i at me grisar til kloden og flyttar problema over til neste generasjon. Dei krev handling og endra åtferd nå. Og det med rette. Utnytting av restressursar, gjenbruk av ulike materiale og fokus på å unngå sløsing er velkjente strofar. Men tar me desse emna heilt på alvor?

I Sauda har flammen over taket på smelteverket vore synleg indikator på ei aktiv drift i fleire tiår. Denne flammen representerer meir enn 300 GWh energi, noko som tilsvarar straumforbruket til 15.000 bueiningar. Denne ressursen er i dag ikkje utnytta.
Ved å styra heile denne flammen gjennom gassmotorar vil dette kunne gi 100 GWh elektrisk straum og over 200 GWh termisk energi i form av varmt vatn og eksosgass. Det varme vatnet kan bidra til auka bruk av fjernvarme i Sauda, men også som «råvare» for nyskaping i lokalsamfunnet. Eksosgassen kan nyttast av smelteverket sjølv til mellom anna å tørka fuktig manganmalm på veg til ovnane og med dette bidra til å stabilisera og optimalisera produksjonen.
Ei samla energiutnytting kan dermed aukast med ytterlegare 200 GWh, noko som vil gi gevinst for bedrifta og ikkje minst for samfunnet. Dette tiltaket har me grunn til å tru vil bli gjennomført i Sauda, fordi eigaren Eramet Norway ser verdien av å få til ei grøn og framtidsretta tilpassing i vårt samfunn. Skal me lukkast med å ta ut full effekt av eit slikt tiltak må me som samfunn vera i stand til å utnytta dei ressursar som blir frigjorte og finna dei aktørane som treng desse restråstoffa i sine prosessar.

Sauda er eit kompakt samfunn med mange gode ressursar, også utanom det varme vatnet. Me har mellom anna eit av dei sterkaste sentralnettspunkta for straum i Norge, me har oksygenfabrikk etablert på fabrikkområdet og me har tilgong på ein god leverandørindustri som er bygd opp gjennom 100 år.
Me har allereie koblingar mot potensielle etableringar innan fleire spennande næringar. I tillegg har me ledig kapasitet i Saudasamfunnet til å ta imot enkeltpersonar og familiar som ser etter spanande jobbar, rimelege bustader, gode oppvekstvilkår og korte avstandar mellom jobb og heim.

Eit forprosjekt innan grøn vekst er starta opp og målet er i første rekke å sikra eit godt og solid prospekt for å møta aktørar med ulike ressursbehov. Gode nettverk blir avgjerande. Det er spanande tider for Sauda-samfunnet. Me kan risikera å lukkast, få til ny vekst og dermed styrka vår attraktivitet. Oppskrifta er regional forrankring. Det bør vera heva over einkvar tvil, me vil meir!

Inge Løyning, Sauda Vekst