F.v. påtroppande ordførar i Etne kommune Mette Heidi Ekrheim Bergsvåg (Sp) og dagleg leiar i Medvind Næringshage Merete Vårvik Matre.

I vår opna Medvind Næringshage dørene til ny avdeling i Etne. Næringshagen håpar på å dyrka fram ein raus delingskultur og skape synergiar på tvers av leigetakerane i næringshagen. 

Tekst og foto:  Maria Djuve Vågen / Medvind24.no

– Me ønskjer å få til eit levande kontorfellesskap som kan bidra til utvikling anten det gjeld fagleg, sosialt eller i potensielle samarbeidsprosjekt. Me vil bidra med å opne dører for nye moglegheiter, fortel dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre.
Medvind Næringshage har frå før av etablert kontorlokaler både i Ølensvåg og Sandeid. Der det samla sett er over 40 ulike bedrifter fordelt på ca 70 kontorplassar.
I vår flytta næringshagen inn i dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg i Etne sentrum. Her har dei kontorplassar klare til alle som vil bli del av fellesskapet. Byggjefirmaet Brødrene Mæland, AF Gruppen, Eiendomsmegler A, Statens vegvesen og Eurojuris er allereie på plass.
– Me har fleire eksempel på samarbeidsprosjekt mellom bedrifter som har blitt til gjennom å dele kontorlokaler. For nokon kan det vere kjekt å teste ut ideane sine på andre, medan det for andre handlar om å ha nokon å ta kaffipausen saman med, fortel Vårvik Matre.
I tillegg til å vere eit kontorfellesskap, er Medvind Næringshage også del av det offentlege næringshageprogrammet. Gjennom tett oppfølging, rettleiing, nettverk og kompetanseheving skal dei bidra til vekst og utvikling til små og mellomstore bedrifter i distriktet. Mange av leigetakarane er allereie medlem eller målbedrifter i næringshageprogrammet. 

Frå opingen av Medvind i Etne 23. august. F.v. Bjarte Dagestad i Sparebank 1 SR-Bank, Thomas Rullestad i Brødrene Mæland, Erling Åsheim i Sparebank 1 SR-Bank og Anders Mæland i Brødrene Mæland.

God plass til fleire
Over 350 kvadratmeter og inntil 15 kontorplassar kan Medvind avdeling Etne tilby. Næringshagen har ulike ordningar rundt kontorplass, med både faste kontorplassar og eigne kontor, i tillegg til pendlarplassar for dei som kun ønskjer kontorplass til sporadisk bruk.
Vårvik Matre håpar etableringa av næringshagen i Etne kan bidra til å binde saman Etne og Vindafjord i enno større grad.
– Vindafjord og Etne er allereie ein arbeidsmarknad med mange felles interesser og funksjonar. Dersom me kan bidra til økt flyt over Fikse ser eg på det som veldig positivt. Dei som leiger kontor i Etne kan nytte seg av lokala Medvind har både i Ølensvåg og Sandeid. Det gjeld kontorplass så vel som møterom. Det viktigaste for oss er å tilby levande og aktive kontorfellesskap i distriktet vårt, slår ho fast.