Avdelingsleder Johannes Eide i Omega mottok prisen på friluftsmøtet på Olalia. (Foto: Medvind24.no)

En vellykket snuoperasjon har gitt ny fart til storbedriften i Vindafjord

IT-bedriften Omega i Ølensvåg ble kåret til Årets bedrift under NæringsGIV på Olalia. Her er juryens begrunnelse:
Årets bedrift har verkeleg gått på trynet. Bedrifta fekk ein smertefull nedtur under oljesmellen i 2016, som førte til både ei brutal nedbemanning og ein alvorleg økonomisk knekk.
Som følgje av nedturen har selskapet vist ei omstillingsevne utan sidestykke. Til trass for mørke skyer på horisonten satsa årets vinnar på nye produkt og tenester, samstundes som dei dreia si tradisjonelle kjerneverksemd inn mot nye bransjar.
Snuoperasjonen har vore mildt sagt usedvanleg vellukka, og har tatt bedrifta til nye høgder. Frå å vera ei bedrift som hovudsakleg har retta seg inn mot olje og gassindustrien, har selskapet dei siste åra opparbeidd seg ein betydeleg posisjon som leverandør til blant anna norsk byggebransje.
Ei av bedrifta sine siste nyvinningar er også blitt eit viktig verktøy mot sosial dumping, både for offentlege instansar så vel som store byggentreprenørar. Selskapet har nå vel 1400 tilsette over heile verda.
Likevel har bedrifta heile vegen vore tru mot si lokale forankringa. Med fleire og stadig større distriktskontor i metropolar verda over, har selskapet samstundes valt å ekspandere og investere i hovudkontoret i Vindafjord.