Sauda-ordfører Asbjørn Birkeland. (Foto: Jan Gravdal)

Når Sauda-ordføreren føler seg nedstemt, søker han trøst på nettsida «Framsnakking Sauda».

Sauda-ordfører Asbjørn Birkeland roste folka bak denne facebooksida da han talte til «folket» i Sauda kirke 1. nyttårsdag. I nyttårstalen kalte han den «eit fantastisk tiltak der ein kan gå inn og skriva nokre oppløftande ord om nokon du syns fortener det”.
– Eg merkar at eg bruker sida når eg er litt nedstemt, då går eg inn og les alle dei gode tinga folk skriv om andre, og så blir eg i godt humør. Det anbefalast. Er du ikkje medlem av gruppa, må du søka ho opp og bli medlem. Eg bruker derfor denne anledninga til å framsnakka den nye redaktøren i Ryfylke, Edd Meby, som tok initiativ til denne gruppa. Godt tiltak!» sa ordføreren.
Han beskrev 2016 som et innholdsrikt år for Sauda-samfunnet:
– Heile Vestlandet er inne i tøffe tider, der oljebransjen går tregt. Dette fekk også me i Sauda merka når BartecTechnor la ned produksjonen i Sauda. I tillegg brann Øyra bakeri og mot slutten av året fekk me 2 triste beskjedar: UDI vedtar å legge ned drifta av asylmottaket og Sauda Fjordhotell går konkurs. I tillegg til desse som blir direkte råka, er det eit stort omløp av lokalt teneste- og varekjøp knytt til desse verksemdene som fell bort. I sum er bortfallet av så mange arbeidsplassar ein veldig dramatisk situasjon for eit samfunn av Sauda sin storleik.
– Det gjer godt å lese alle dei gode tinga folk skriv om andre, seier Sauda-ordfører Asbjørn Birkeland.